Kategorier
Fotball Lye IL nyheter

Kattegat 2025

Så var Kattegat-cupen overstått for i år!

VEL overstått i følge 45 spillere og 9 ledere, som rapporterer om 4 fantastisk dager i Grenå med sol og nesten for varmt vær te å spæla fotball i 🥵 Godt å vere jærsk i Danmark!

Og ei spennande turnering har det vert for ungdommane våre fra Lye og Undheim!

Lye/ Undheim G14 vann B sluttspelet, i ein finale vi faktisk kan omtale som eit lokal-derby – Sigeren markerte dei nemlig med 2-0 seiere over Bryne!

Undheim/Lye G15 hadde det omtrent like spennande, og har med seg ein flott 2. plass fra B-sluttspelet i si klasse – der plasseringa til slitt vart avgjort på målforskjell. (Undheim/Lye G15 mangla kun ei målscoring på vinnaren!)

Undheim J14 tok seg óg vidare til B-sluttspel, der dei markerte seg godt med ein solid 3. plass!

Godt jobba, til både spelande ungdom og voksne støttespelarar – og velkomne heim til regn og litt etterlengta kvile…

Litt fleire glimt fra helga kan du sjå på lenkene under!

Undheim IL fotball – Facebook

Kattegat Cup – Facebook

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *