Kategorier
Fotball Hold av datoen! Høgfjellsturneringa på Lye Lye IL nyheter

Høgfjellsturneringa avlyst!

Høgfjellsturneringa i 2025 er dessverre avlyst pga for få påmeldte!

Lørdag 30. august er datoen for eit av årets store høgdepunkt på Lye, då er det nemlig igjen tid for Høgfjellsturneringa vår – fotballgruppas populære festdag – eksklusivt for idrettsglade 6- og 7åringer!

År etter år, boblar idrettsanlegget på Lye av fargerike drakter, energiske fotballentusiaster og smørblide voksne, som besøkande familie og trenerteam, ivrige tillitsvalgte og støttande naboar.

Turneringa foregår på eit avgrensa, oversiktlig område med gode fasiliteter og parkeringsmuligheter. Dagen er full av moro, ventetider er tilpassa ung tålmodighet, feiringa inkluderer alle og er rigga for å vere minneverdig!

Les meir, og meld dokke gjerne på via linken under, om du er rette vedkommande i din klubb! Eventuelt, blir vi glade om du formidler infoen til ein lagleder for eir 2018- og/eller 2019-lag du trur kan vere interesserte 💛💙

LAV-RISIKO PÅMELDING:

Husk at det er mulig å melde av lag kostnadsfritt, så lenge det skjer innan 14 dager før turneringa starter. Den beskjedne påmeldingsavgifta blir først fakturert etter at turneringa er gjennomført. Det er ôg mulig å «etterpåmelde» fleire lag innen samme frist, forutsatt der endå er plass.

Vi gal-gler oss, gjer ikkje du?

(Turneringa er sjølvsagt godkjent av Rogaland Fotballkrets)

Facebook-arrangement for Høgfjellsturneringa på Lye 2025

Kategorier
Fotball

Sett av datoen for årets høgfjellsturnering!

VELKOMMEN TIL JUBILEUMSTURNERING PÅ LYE!

Årets fotball-høgdepunkt går av stabelen lørdag 26. august!

Vi gler oss til å ta i mot mylderet av ivrige 6- og 7-åringer, nok eit år – dette gler vi oss faktisk til for 20. gang.

Det er jo ei stor sak i seg sjølv, at årets Høgfjellsturnering blir den 20. i rekka vår til no. Men, som om ikkje det var nok, jubilerer vi jammen samtidig for at heile Lye Idrettslag fyller 40 år i år!

Sånt er vel verdt å feire?

Vi håper i den anledning at så mange som mulig blir med oss på turnerings-festen i år.

Vi lover å gjere vårt beste for å kunne dra til med (minst) like blå himmel og (minst) like god stemning som i fjor!

Har du spørsmål om årets turnering allerede? Då kan du ta kontakt med Arild Berland på telefon 905 44 966 eller e-post arild.berland@lyse.net.

Glimt fra 2022: