Kategorier
Badminton Barneidrett Bordtennis Dugnader og frivillighet Fotball Friidrett Gruppetrening Håndball Høgfjellsturneringa på Lye Innebandy Klatring Lye IL Lye IL nyheter Ny hall på Lye! Sykkel

Klar, ferdig, BYGG FJELLHALLEN!

Det nærmer seg for alvor byggestart for den nye Fjellhallen vår!

I den anledninga har vi oppretta ei eiga gruppe i Spond, som vi vil bruke for å organisere/ invitere våre gode naboer til nødvendig dugnadsarbeid.

Slik får de gode muligheter til å få vere ein viktig del av eit fantastisk prosjekt som vil gi heile Lye og omegn eit etterlengta løft!

Vi vil vere avhengige av slike bidrag for at vi skal klare å få reist den flotte Fjellhallen, og håper derfor at DU kan finne litt tid og vilje til å bidra!

Meld deg inn i gruppa, slik at du kan følge med, og holde deg oppdatert på info og planlagte aktiviteter – og veldig enkelt og fortløpande kan melde deg på dugnadsoppgaver som passar deg, etter kvart som vi legg dei ut!

Dugnadsgruppa «Fjellhallen Lye Idrettslag» bruker appen Spond for å organisere aktiviteter og dele informasjon. Trykk på linken under, for å melde deg inn:

FJELLHALLEN LYE IDRETTSLAG

«Eit fjedl – ei bygd!»

Kategorier
Fotball Hold av datoen! Høgfjellsturneringa på Lye Lye IL nyheter

Høgfjellsturneringa avlyst!

Høgfjellsturneringa i 2025 er dessverre avlyst pga for få påmeldte!

Lørdag 30. august er datoen for eit av årets store høgdepunkt på Lye, då er det nemlig igjen tid for Høgfjellsturneringa vår – fotballgruppas populære festdag – eksklusivt for idrettsglade 6- og 7åringer!

År etter år, boblar idrettsanlegget på Lye av fargerike drakter, energiske fotballentusiaster og smørblide voksne, som besøkande familie og trenerteam, ivrige tillitsvalgte og støttande naboar.

Turneringa foregår på eit avgrensa, oversiktlig område med gode fasiliteter og parkeringsmuligheter. Dagen er full av moro, ventetider er tilpassa ung tålmodighet, feiringa inkluderer alle og er rigga for å vere minneverdig!

Les meir, og meld dokke gjerne på via linken under, om du er rette vedkommande i din klubb! Eventuelt, blir vi glade om du formidler infoen til ein lagleder for eir 2018- og/eller 2019-lag du trur kan vere interesserte 💛💙

LAV-RISIKO PÅMELDING:

Husk at det er mulig å melde av lag kostnadsfritt, så lenge det skjer innan 14 dager før turneringa starter. Den beskjedne påmeldingsavgifta blir først fakturert etter at turneringa er gjennomført. Det er ôg mulig å «etterpåmelde» fleire lag innen samme frist, forutsatt der endå er plass.

Vi gal-gler oss, gjer ikkje du?

(Turneringa er sjølvsagt godkjent av Rogaland Fotballkrets)

Facebook-arrangement for Høgfjellsturneringa på Lye 2025