Det er alltid tvers gjennom jillt å få med seg nye nettverkstreff Jæren Sparebank dreg i gang for idrettslag og -klubbar på Jæren, som ein del av tjenesta dei har etablert for å vere ein «Sparringspartner for jærsk idrett».

Givande er det, kvar gang Jæren Sparebank inviterer til verdifullt påfyll i form av inspirerende foredrag (akkurat i går, av Anne Lindmo ⭐️) eller finspissa fagsamlinger, stiller opp med gode, relevante råd og konkret støtte, eller tar ansvar for at der blir utvikla målretta verktøy som det rykande ferske «Tidsfrist».

Og ei glede er det, at dei er gjestfrie nok til å ta regninga for det meste, og slik viser at «med hjerte for frivilligheten» er langt meir enn tomme ord.

Vi er rett og slett heldige, i Lye IL som kan dra nytte av ein solid og pålitelig hovedsponsor, bankforbindelse og støttespelar som Jæren Sparebank!
Vi veit at Lye IL er i trygge hender, hos ein lokal sparebank som er tydelig stolte av å vere lokalbank. Direkte, personlig kontakt med engasjerte, ærlige og kompetente rådgivere som kjenner oss og våre behov, heier på oss, gjer det enklare å drive idrettslag på Jæren – utan tvil.

Ikkje minst, er noke av det aller beste med lokale sparebankar som Jæren Sparebank, at dei ikkje bare er gode på å drive eigen «butikk» godt og lønnsomt – dei deler jo faktisk overskotet sitt med lokalmiljøet og kundar, gjennom sponsing, stipend og gaver.
Og… vi kjem jo ikkje unna å innrømme at det er EKSTRA kjekt med nettverkstreff, når vi får ei ganske STOR gave fra dette overskotet, med «på kjøpet» heim igjen til Lye, av Sparebankstiftinga Jæren – Time & Hå!


Ei herlig, tidleg julegave på heile 2 000 000 reelle papirkroner, øyremerka byggekostnader for den flotte Fjellhallen vi har gnikka og gnura på finansiering og byggeplaner for ei god stund no, kjem virkelig godt med for Lye IL fremover!

Fra før, har vi allerede fått til saman kr 2 000 000,- fra samme stiftelse, til samme formål, og kan derfor trygt sei at Sparebankstiftinga Jæren – Time & Hå, saman med vår engasjerte samarbeidspartner, Jæren Sparebank, har gjort seg heilt sentrale for at vi endelig kan sette spaden i jorda snart.
Vi er (nesten) tomme for ord!
TUSEN TAKK – kva skulle vi gjort utAn dokke på laget! 💛💙
Apropos den spaden, så er det verdt å presisere at vi då er dristige nok til å meine «veldig snart», sånn heilt på skikkelig!
Time Kommune leverer nemlig óg god, konstruktiv og kritisk laginnsats i det vi håper er siste innspurt av førebuingane for byggeprosjektet vårt. Om alt fortsetter å gå etter planen på deira kant, er sjansane gode for at nødvendige reguleringsendringer er ferdigstilt før utgangen av 2025.
Og då, folkens… DÅ har vi spaden klar!

Dvs, det er vel riktigare å sei at det er ei gravemaskin vi har klart, og forsåvidt er det vel Massiv som er klare med den.
Uansett.. alt ligg per i dag så godt an for prosjekt Fjellhallen, at vi har eit levande, realistisk håp om at Massiv kan sette i gang med graving og grunnarbeid, allerede i tida rundt førstkommande vinterferie!
Du las rett ja: Det ligg per i dag rett og slett veldig godt an til at morgentimene i eit rykende ferskt 2026, vil by på litt ekstra spennande distraksjonar for unge (og eldre) maskinentusiastar på skulane, i barnehagane og i nabolaget ellers rundt stadion og Lyehallen.
Og spennande blir det – har du fått med deg at det ikkje bare blir ein aktivitetshall? Fjellhallen er nemlig óg planlagt med eit formidabelt klatreanlegg, og eit moderne treningssenter som blir tilgjengelig for alle i bygda som vil tegne eit rimelig, kortreist treningsmedlemsskap.

📌 Vil du vite meir om fjellhallen!
Då er du velkommen i Klubbhuset på Lye, onsdag 17. desember kl 19.00, for eit ekte «almannamøte»! I tillegg til ein presentasjon av Fjellhallen og planane, byr vi óg på ein kaffikopp med ei «lita tugge» attåt!
Facebook-arrangement: Infomøte – BYGGESTART FJELLHALLEN!

For ordens skyld…
Sjølv om vi no har fått på plass mykje god støtte og viktige finansieringstilskot, vil byggeprosjektet fortsatt kreve mange, verdifulle dugnadstimer og brei innsats, for å sikre idrettslaget, som kommande, fersk byggherre, eit best mulig utgangspunkt for bærekraftig og trygg drift i åra som kjem.
Vi håper Lye-buen er klar til dyst, og tripper av iver etter å få bidra til å gjere Fjellhallen til ein etterlengta realitet på Lye.
Alle monnar drar, heiter det. Og vi trur heilhjerta på at det passar veldig godt å seie for dette prosjektet.
Så, enten du…
- er ein durkdreven gravemaskinfører
- klør i fingrane etter å tørke støv av boomblasteren og trillebåra
- er eit rivjern med malekost, feiebrett og/eller vaffeljern
… eller om du rett og slett er ein vandrande inspirator med eit rikt verktøyskrin og litt ledig tid – så drømmer vi om å kunne føre opp navnet ditt som ein del av «innsatsteamet» vårt i næraste framtid.
I lys av denne drømmen, er det oss ei glede at det igjen er skikkelig relevant, og tidsriktig, å henvise til denne gode, gamle «stillingsannonsa» – heilt på prikken 2 år sidan vi først delte den! (Ignorere den gamle svarfristen, vi tek sjølvsagt endå i mot nye svar.. 😅)
