Jammen fekk vi flest stemmer, og dermed heile kr 80 000,- ekstra å rutte med, når Sparebanken Sør delte ut 250 000,-!
Det vil altså óg sei, at Lye IL fekk flest stemmer av alle 10 nominerte lag og foreninger, og dette syns vi rett og slett er ganske rått!
80 000 TAKK TIL ALLE SOM STEMTE PÅ OSS, og – ikkje minst – til SPAREBANKEN SØR FOR GÅVA!
Som om ikkje dette var godt nok, kan vi legge til at andreplassen, og dermed kr 60 000,-, gjekk til Bryne Blåkors! Bryne Blåkors gjer i det heile tatt mykje godt for barn, ungdom og familier i kommunen. Det er i tillegg all grunn til å tru at gåva deira óg kjem Lye-bygda til gode, blant anna når Bryne Blåkors tar over ansvaret for drifta av Mekken på Lye, når kommunen stenger dørene der!
«Eit fjedl – ein klubb!»
eller kanskje passer det her bedre å sei:
»Eit fjedl – ei bygd!»
Uansett: Gratulerer, Bryne Blåkors og dei andre 3 vinnerlaga!
På torsdag fekk vi i Lye IL det som må vere liv å kalle en kjempegod start på arbeidet vårt med å bygge ny idrettshall på Lye!
Vi fekk nemlig tildelt en heil million kroner av Sparebankstiftinga Jæren – Time, Hå og Klepp! 🤩
Gjett om vi er takknemlige for sterke, lokale bankar som bidreg så betydelig til lokalmiljøet, og støtter så mange lokale lag og organisasjoner!
Det gjer oss kjempemotivert for arbeidet vidare, no håper vi lokale myndigheter og bedrifter følger på, slik at den nye hallen blir en realitet. Det vil gje barn, unge og voksne i alle aldre på Lye etterlengta, økt hallkapasitet og rom for nye, aktiviteter, blant anna en flott, ny klatrehall, fasiliteter for padeltennis – og mykje meir!
Takk óg til Ogna golfklubb, som tok godt vare på oss alle, som strålande vertskap i det nye klubbhuset! Spennande å høyre meir om alt det framtidsretta arbeidet de gjer for klimaet og dei 550 medlemmane de har i aktivitet på greenen! (Bildet er lånt fra ognagolf.no for å vise kor flott lokalet er!)
MEN: Så treng vi óg mykje anna hjelp, enn bare kroner og ører.. kunne du tenke deg å vere med på laget for å reise hallen? Med nærmast samme kva? Eller kjenner til bedrifter som kan tenkast ser verdien i å styrke lokale miljø på Jæren? Då blir vi veldig glade om du tar kontakt! Vi treng all den hjelpa vi kan få! ✨🤞🏻