HØGFJELLSTURNERINGA GJER COMEBACK – OG BLIR GRATIS!
Høgfjellsturneringa har vert ein årlig happening på Lyefjell i over 20 år. Tusenvis av 6- og 7-åringer har hatt gleda av å delta på si heilt eiga turnering, på eit kompakt område, med effektiv kampgjennomføring som passar perfekt til ung utålmodighet – og travle helger!
No inviterer Lye IL til ny – og denne gangen gratis – fotballfest!
Turneringa har, sidan oppstarten i 2003, alltid vert arrangert siste lørdagen i august. I fjor valgte dei, på Varhaug, imidlertid å legge gratisturneringa si (JTR-turneringen), til samme helg som Høgfjellsturneringa.
Og… når noko er gratis, er det ikkje vanskelig å forstå, at klubber med anstrengt økonomi prioriterer dette. Dessverre påverka det påmeldinga til turneringa på Lye, nok til at fotballgruppa såg seg nøydde til å avlyse Høgfjellsturneringa i 2025, for første gang.
Forhåpentligvis óg: for siste gang!
Den engasjerte dugnadsgjengen på Lye elskar nemlig å arrangere fotballfest for dei aller minste, og har ikkje gitt opp håpet om å fortsette den fine tradisjonen.
Derfor ønsker dei – i år igjen – velkommen til Høgfjellsturneringa på Lye
lørdag 29. august!

Lye IL planlegg ny fotballfest for regionens 6- og 7-årslag. Her ser du eit glimt fra 2024-turneringa! (Foto: Privat)
Denne gangen til ei GRATIS Høgfjellsturnering!
– Vi har gjennom alle år fått fantastiske tilbakemeldingar fra barna, trenarane og foreldra, og har kvart år gleda oss over å kunne arrangere denne folkefesten på «høgfjellet», den siste lørdagen i august. Heile regionen har vært kjent med denne tradisjonen, så vi vart overraska når vi i fjor oppdaga at JTR-turneringa var lagt til samme helg. Når denne var gratis valgte mange klubber å heller delta der, og vi måtte for første gang i historien avlyse,
fortel Ivar Lomeland, leiar av fotballgruppa i Lye IL, samt primus motor, og ein av «grunnleggarane» av Høgfjellsturneringa.

Ivar Lomeland, her pen i tøyet, stolt og klar for å lede fotballgruppas innslag i eit av mange 17.mai-tog på Bryne! (Foto: Privat)
Ballongar, lastebilhorn, eigen speaker – og no óg GRATIS!
I år tok Lomeland på seg sine beste friarsko, for å få Jæren Sparebank med på laget. Fotballgruppa kan derfor, fra og med i år, lokke med GRATIS deltaking på Høgfjellsturneringa, for 6- og 7-årslaga i regionen.
Fortsatt den siste lørdagen i august, som alle åra før.
– Vi er klar over at JTR-turneringa i år óg er lagt til samme helg. Men, skulle vi ha bytta helg for Høgfjellsturneringa, hadde det blitt vi, som ødela for andre turneringar som klubbar i regionen arrangerer. Og det ønsker vi ikkje å gjere. Vi har kanontru på eige produkt, og veit at mange lagledere og foreldre set pris på ei heilt eiga turnering for de aller minste fotballheltane. Vi er eit fullverdig alternativ til store turneringer, med masse folk, på store areal. Vi byr på ei intim turnering, der bare jevnaldrande opplever ballonger, lastebilhorn, eigen speaker – og gratis parkering,
avsluttar Høgfjellsveteranen.

Arild Berland, Høgfjellsturneringa sin eigen speaker & ein av turneringa sine «founding fathers» – like humørfylt og klar for eit av mange speaker-oppdrag! (Foto: Privat)
I motsetning til JTR-turneringa, foregår heile Høgfjellsturneringa på ein, og samme dag, kun delt opp i ei formiddagsturnering og ei ettermiddagsturnering. Kvart lag speler alle sine tre kampar i løpet av mindre enn to timar.
Påmeldinga er i gang!
Allerede no, kan du melde på ditt, eller dine lag, og slik sikre god planlegging for sommerhalvåret!
Frist for påmelding er satt til
mandag 15. juni
På sida under, finn du påmeldingsskjema og kontaktinfo for eventuelle spørsmål og avklaringer.
Vi håper DU – og laget ditt – grip sjansen til å oppleve festivitetane på jærens antagelig mest høgtsvevande (bokstavelig) stadion!
Velkommen til Lyefjell!

Høgfjellsturneringa sine «founding fathers» – som alle tre har fortsatt å stille opp for småheltane på Høgfjellsturneringa – år etter år – sidan 2003. Vi snakkar om kontinuitet! TAKK for utrøytteleg innsats, hittil, kjære (fra venstre) Arild Gundersen, Ivar Lomeland og Arild Berland! For ikkje å gløyme alle andre, engasjerte sjeler som sikrar minneverdige turneringar, gang på gang!
