Kategorier
Badminton Barneidrett Bordtennis Dugnader og frivillighet Fotball Friidrett Gruppetrening Håndball Innebandy Klatring Lye IL nyheter Ny hall på Lye! Sponsor, gaver og tildelinger Sykkel

Julafta kom tidleg i år!

Det er alltid tvers gjennom jillt å få med seg nye nettverkstreff Jæren Sparebank dreg i gang for idrettslag og -klubbar på Jæren, som ein del av tjenesta dei har etablert for å vere ein «Sparringspartner for jærsk idrett».

Givande er det, kvar gang Jæren Sparebank inviterer til verdifullt påfyll i form av inspirerende foredrag (akkurat i går, av Anne Lindmo ⭐️) eller finspissa fagsamlinger, stiller opp med gode, relevante råd og konkret støtte, eller tar ansvar for at der blir utvikla målretta verktøy som det rykande ferske «Tidsfrist».

Og ei glede er det, at dei er gjestfrie nok til å ta regninga for det meste, og slik viser at «med hjerte for frivilligheten» er langt meir enn tomme ord.

Vi er rett og slett heldige, i Lye IL som kan dra nytte av ein solid og pålitelig hovedsponsor, bankforbindelse og støttespelar som Jæren Sparebank! 

Vi veit at Lye IL er i trygge hender, hos ein lokal sparebank som er tydelig stolte av å vere lokalbank. Direkte, personlig kontakt med engasjerte, ærlige og kompetente rådgivere som kjenner oss og våre behov, heier på oss, gjer det enklare å drive idrettslag på Jæren – utan tvil.

Ikkje minst, er noke av det aller beste med lokale sparebankar som Jæren Sparebank, at dei ikkje bare er gode på å drive eigen «butikk» godt og lønnsomt – dei deler jo faktisk overskotet sitt med lokalmiljøet og kundar, gjennom sponsing, stipend og gaver.

Og… vi kjem jo ikkje unna å innrømme at det er EKSTRA kjekt med nettverkstreff, når vi får ei ganske STOR gave fra dette overskotet, med «på kjøpet» heim igjen til Lye, av Sparebankstiftinga Jæren – Time & Hå

Ei herlig, tidleg julegave på heile 2 000 000 reelle papirkroner, øyremerka byggekostnader for den flotte Fjellhallen vi har gnikka og gnura på finansiering og byggeplaner for ei god stund no, kjem virkelig godt med for Lye IL fremover! 

Fra før, har vi allerede fått til saman kr 2 000 000,- fra samme stiftelse, til samme formål, og kan derfor trygt sei at Sparebankstiftinga Jæren – Time & Hå, saman med vår engasjerte samarbeidspartner, Jæren Sparebank, har gjort seg heilt sentrale for at vi endelig kan sette spaden i jorda snart. 

Vi er (nesten) tomme for ord!

TUSEN TAKK – kva skulle vi gjort utAn dokke på laget! 💛💙

Apropos den spaden, så er det verdt å presisere at vi då er dristige nok til å meine «veldig snart», sånn heilt på skikkelig! 

Time Kommune leverer nemlig óg god, konstruktiv og kritisk laginnsats i det vi håper er siste innspurt av førebuingane for byggeprosjektet vårt. Om alt fortsetter å gå etter planen på deira kant, er sjansane gode for at nødvendige reguleringsendringer er ferdigstilt før utgangen av 2025.

Og då, folkens… DÅ har vi spaden klar! 

Dvs, det er vel riktigare å sei at det er ei gravemaskin vi har klart, og forsåvidt er det vel Massiv som er klare med den.

Uansett.. alt ligg per i dag så godt an for prosjekt Fjellhallen, at vi har eit levande, realistisk håp om at Masiv kan sette i gang med graving og grunnarbeid, allerede i tida rundt førstkommande vinterferie! 

Du las rett ja: Det ligg per i dag rett og slett veldig godt an til at morgentimene i eit rykende ferskt 2026, vil by på litt ekstra spennande distraksjonar for unge (og eldre) maskinentusiastar på skulane, i barnehagane og i nabolaget ellers rundt stadion og Lyehallen.

 Og spennande blir det – har du fått med deg at det ikkje bare blir ein aktivitetshall? Fjellhallen er nemlig óg planlagt med eit formidabelt klatreanlegg, og eit moderne treningssenter som blir tilgjengelig for alle i bygda som vil tegne eit rimelig, kortreist treningsmedlemsskap.

📌 Vil du vite meir om fjellhallen!

Då er du velkommen i Klubbhuset på Lye, onsdag 17. desember kl 19.00, for eit ekte «almannamøte»! I tillegg til ein presentasjon av Fjellhallen og planane, byr vi óg på ein kaffikopp med ei «lita tugge» attåt!

Facebook-arrangement: Infomøte – BYGGESTART FJELLHALLEN!

For ordens skyld

Sjølv om vi no har fått på plass mykje god støtte og viktige finansieringstilskot, vil byggeprosjektet fortsatt kreve mange, verdifulle dugnadstimer og brei innsats, for å sikre idrettslaget, som kommande, fersk byggherre, eit best mulig utgangspunkt for bærekraftig og trygg drift i åra som kjem. 

Vi håper Lye-buen er klar til dyst, og tripper av iver etter å få bidra til å gjere Fjellhallen til ein etterlengta realitet på Lye. 

Alle monnar drar, heiter det. Og vi trur heilhjerta på at det passar veldig godt å seie for dette prosjektet. 

Så, enten du…

  • er ein durkdreven gravemaskinfører
  • klør i fingrane etter å tørke støv av boomblasteren og trillebåra
  • er eit rivjern med malekost, feiebrett og/eller vaffeljern

… eller om du rett og slett er ein vandrande inspirator med eit rikt verktøyskrin og litt ledig tid – så drømmer vi om å kunne føre opp navnet ditt som ein del av «innsatsteamet» vårt i næraste framtid

I lys av denne drømmen, er det oss ei glede at det igjen er skikkelig relevant, og tidsriktig,  å henvise til denne gode, gamle «stillingsannonsa» – heilt på prikken 2 år sidan vi først delte den! (Ignorere den gamle svarfristen, vi tek sjølvsagt endå i mot nye svar.. 😅)

FØLG MED – så skal du sjå at der kjem mange, spennande oppdateringer om fremgang og nyheter, med glimt fra kommande, nye milepæler i prosjekt Fjellhallen fremover! 💛💙
Kategorier
Lye IL nyheter

Heia Lye handball & J2012!

* EIT LITE STYKKE LYE-HISTORIE *

Håndballgruppa i Lye har klart å skape et lag som kjemper i toppen av breddeserien – og som resten av sesongen skal måle krefter på regionens aller øverste nivå.

Lye IL har faktisk ikkje hatt handballag på øverste nivå dei siste 20 åra, noke som gjer denne nyheten og prestasjonen ekstra staseleg!

J2012 har hatt ei utvikling som er langt over det ein kunne forutsjå, når dei skulle meldes på til seriespel i april.

Resultatmessig står no J2012 med 10 av 10 mulige seirer i årets breddeserie, i tillegg til at dei har spelt seg heile veien til A-sluttspelet i begge turneringene dei deltok på, før sesongstart.

No går dei altså «all in», med å utfordre seg sjøl endå meir – og har derfor meldt til regionen at de ønsker å prøve seg mot de beste lagene på øvet nivå.

Jentene rekk riktignok ikkje å møte alle laga , det er rett og slett ikkje mange nok kamphelger til å få gjennomført dette.

MEN – laget får like fullt prøvd seg mot heile 8 motstanderlag fra øverste nivå i region Sørvest, ei spennende utfordring både for J2012, som enkeltspillere og lag, og for Lye handball som klubb!

Det gjer samtidig óg heile Lye-bygda ei spennande utfordring, jentene vil trenge støtte og heiarop i kampane for å sanke poeng i toppserien:

Vi håper laget får god støtte fra tribunene!

Følg med på facebooksidene til Lye handball for kamptider og andre nyheter!

Vi ønsker J2012 lykke til i både bredde- og øvet serien!

Om du har lyst å prøve deg på handball sjølv, finn du info om lag, treningstider og kontakter her:

Kategorier
Fotball Lye IL nyheter

Kattegat 2025

Så var Kattegat-cupen overstått for i år!

VEL overstått i følge 45 spillere og 9 ledere, som rapporterer om 4 fantastisk dager i Grenå med sol og nesten for varmt vær te å spæla fotball i 🥵 Godt å vere jærsk i Danmark!

Og ei spennande turnering har det vert for ungdommane våre fra Lye og Undheim!

Lye/ Undheim G14 vann B sluttspelet, i ein finale vi faktisk kan omtale som eit lokal-derby – Sigeren markerte dei nemlig med 2-0 seiere over Bryne!

Undheim/Lye G15 hadde det omtrent like spennande, og har med seg ein flott 2. plass fra B-sluttspelet i si klasse – der plasseringa til slitt vart avgjort på målforskjell. (Undheim/Lye G15 mangla kun ei målscoring på vinnaren!)

Undheim J14 tok seg óg vidare til B-sluttspel, der dei markerte seg godt med ein solid 3. plass!

Godt jobba, til både spelande ungdom og voksne støttespelarar – og velkomne heim til regn og litt etterlengta kvile…

Litt fleire glimt fra helga kan du sjå på lenkene under!

Undheim IL fotball – Facebook

Kattegat Cup – Facebook

Kategorier
Fotball Lye IL nyheter

Trekning – vårlotteriet 2025

Trekninga i fotballgruppa sitt vårlotteri er klart, under kan du sjekke om du er ein av dei heldige vinnerene! Gratulerer 🤩

Tusen takk til alle som kjøpte lodd – og sjølvsagt alle som har bidratt med premier! Begge deler er viktige bidrag til god fotballaktivitet i bygda!

Vinnere blir kontakta for utlevering av gevinst – men tagg gjerne vinnere du kjenner igjen, under innlegget på Facebook!

«Blue Yellow» av Joe deSousa/ CC0 1.0
Kategorier
Badminton Barneidrett Dugnader og frivillighet Fotball Friidrett Gruppetrening Håndball Innebandy Klatring Lye IL nyheter Sykkel

Gode idrettsønsker for 2025!

…til alle våre gode medlemmer, naboer, sparrings- og samarbeidspartnere, støttespelarar og sponsorer!

Ikkje minst: Takk for det gamle, gjennom heile 2024! Vi er tross alt ingenting uten dokke!

Ei ekstra takk – på tampen av romjula – til alle som kjøpte juletrea sine av fotballgruppa vår i år, og slik bidrog med god og viktig støtte til aktiviteter og idrettsglede for tida vidare!

GALjillt å vite at der salget av ekte, naturlige juletre jevnt over har vert litt seigt for dei fleste, dei siste åra, bidrog de faktisk til at fotballgruppa vår opplevde AUKA salg i år, med heile 10%!

Ekstra kjekt er det fordi alle våre juletre er særdeles kortreiste, og dyrka hos Time Juletre!

Nedst, under bildet, finn du óg glimt fra ein heilt salig juletregang i Østerhus Arena, rundt eit juletre levert av Lye IL fotball og Time Juletre!

GODT NYTT ÅR, ALLE SAMMEN!

Gode ønsker for det nye året, fra alle oss i hovedstyret i Lye IL!

»Eit fjedl, èin klubb!»

Sandnes Ulf Toppfotball – Facebook

Kategorier
Dugnader og frivillighet Lye IL Lye IL nyheter Sponsor, gaver og tildelinger

For ei veke!

I går, torsdag, var vi nemlig så heldige å få heile kr 50 000,- til denne veka, nå fra Sparebankstiftelsen SR Bank!

Dei tildelte midla er gitt for det vi ser som eit viktig formål og ansvar: Å få med oss flest mulig av bygdas håpefulle, på våre aktiviteter og lag.

Vi har bøttevis med takknemlighet å ta av, her på fjedlet, så vi kjører lett nye

50 000 (,-) TAKK, SPAREBANKSTIFTELSEN SR BANK!
Kategorier
Dugnader og frivillighet Lye IL Lye IL nyheter Ny hall på Lye! Sponsor, gaver og tildelinger

80000 (,-) takk!!

For ein gjeng, for ei bygd!

Jammen fekk vi flest stemmer, og dermed heile kr 80 000,- ekstra å rutte med, når Sparebanken Sør delte ut 250 000,-!

Det vil altså óg sei, at Lye IL fekk flest stemmer av alle 10 nominerte lag og foreninger, og dette syns vi rett og slett er ganske rått!

80 000 TAKK TIL ALLE SOM STEMTE PÅ OSS, og – ikkje minst – til SPAREBANKEN SØR FOR GÅVA!

Som om ikkje dette var godt nok, kan vi legge til at andreplassen, og dermed kr 60 000,-, gjekk til Bryne Blåkors! Bryne Blåkors gjer i det heile tatt mykje godt for barn, ungdom og familier i kommunen. Det er i tillegg all grunn til å tru at gåva deira óg kjem Lye-bygda til gode, blant anna når Bryne Blåkors tar over ansvaret for drifta av Mekken på Lye, når kommunen stenger dørene der!

«Eit fjedl – ein klubb!»

eller kanskje passer det her bedre å sei:

»Eit fjedl – ei bygd!»

Uansett: Gratulerer, Bryne Blåkors og dei andre 3 vinnerlaga!

Kategorier
Hold av datoen! Lye IL nyheter

Fjellbekken Pub&Quiz

Velkommen til Fjellbekken Pub&Quiz i klubbhuset
fredag 6. september 2024, kl 18.00!

NB: Aldersgrense 18 år, og sengetid seinast kl 1.00!

Vi gjentar pub-kveldsuksessen fra i sommar, og åpner klubbhuset for alle, voksne sambygdinger, som kjenner det frister med sosialt samvær og godt lag!

Det kjennes lov å håpe på MINST like godt oppmøte som i sommar – veirmeldingene lover godt for open uteservering!

Bonus: PUB-QUIZ

Akkurat denne fredagen, kjører vi like godt på med en god, gammal quiz, for dei som vil delta på dette:

Info om lag og påmeldinger:

Vi har som mål å sette i gang quizen kl 19.30, altså halv åtte!

Påmelding quizlag (2-6 pers) med navn på lag og antall deltagere på gruppa, innen fredag kl 16, enten på direktemelding via Facebooksida vår, eller på sms til 96990213!

Førstelag til mølla – vi regner uansett med der er god plass til alle!

Eventuelle etternølere kan gå an, då med litt ekstra forbehold om at vi faktisk har plass

Pris per lag kr 100,- betales ved oppmøte på Klubbhuset på fredag!

Premie vankAr til vinnerlaget!

Vi er altså nybegynnere som quiz-arrangører, men har god tru på en kjekk kveld, som forhåpentligvis frister til foredling og gjentagelse med jevne mellomrom!

Tips og tilbakemeldinger etter kvelden, er hjertelig velkomne!

(Tydeligere info om quiz-opplegget, litt bedre tid i forveien, har vi allerede notert som forbedringsområde til neste gang..)

(Dei som måtte kjenne seg litt mindre quiz-lystne er like velkomne, vi lover å ikkje bruke heile kvelden på quiz!)

Kategorier
Fotball Lye IL Lye IL nyheter

Sølv til J13!

Det er slett ikkje bare karane i Lye IL som herjer fotballbanene i løpet av året, om du trudde det!

Bygda fekk tirsdag kveld heim eit lass nøgde jenter fra fotballturnering på det glade sørland.

Og det hadde dei god grunn til – med seg i bagasjen, hadde nemlig J13 sølvpokalen fra B-sluttspelet i tidenes største* Sør Cup!

Slik oppsummerte trenarane turneringa:

Cupen starta veldig dårlig med 4 sure tap og 1 seier og vi endte som tapere av gruppespillet. Dermed gikk vi inn i B-sluttspill på bunn, men da våknet vi opp, nå var det vinn eller forsvinn som gjaldt. Da tok vi seier etter seier.

I dag ventet Lyn på oss i selve finalen. Kampen startet godt med 0-1 til Lye allerede etter 2 min spilt. Kampen var jevn, og det var mye følelser i sving i banen. Det endte med et bittert tap 3-2.

Men vi tar med oss hjem en sølvpokal, som det er mange år siden sist et jentelag i fotballen på Lye har gjort. Sikkert 10 år siden sist Å vi er stolte over at jentene jobbet seg opp fra bunnplass til 2 plass.
Veldig stolte trenere i dag 🤩

Åshild og Siv Rita, trenere Lye IL J13

Stolte er jammen resten av oss i Lye IL ôg, både av jentelaget og trenarane. Vi håpar de hadde mange gode minner med heim fra tur, og får ein flott sommarferie!

GRATULERER JENTER!

Lagfoto, Lye IL J13 – Sør Cup juni 2024

Under kan du lese meir detaljert turneringsrapport, og om Sør Cup.

*Sør Cup 2024 hadde i år påmeldt ca 650 lag fra inn- og utland, og sette med det ny rekord, i følge arrangørane – med god margin:

Kategorier
Friidrett Lye IL nyheter

Salikatt, Linea!

Visste du at vi har en av landets beste tenårings-sleggekastere her på Lye?

Sist helg tok like godt Linea Slettebø heile 3 friidrettsmedaljer i 16-årsklassen, når ho representerte Lye IL under Tyrvinglekene i Bærum!

BRONSE: Spyd, kast målt til 33,34m.

SØLV: Kule, kast målt til 11,84m.

GULL: Slegge, med eit kast på 47,57m!

Sjå Jærbladet sitt innlegg om saka:

LOKALSPORT: SLETTEBØ FIKK TRE MEDALJER (+)

Som om ikkje dette var strålande nok i seg sjølv:

Gullkastet i slegge er faktisk ikkje det lengste Linea har kasta i år, eingang.

Tidlegare i juni, under Framolekene i Fana, kasta nemlig Linea 49,14m!

Dette kastet er landets hittil lengste i 16-årsklassen – og slo samtidig rogalandsrekorden i klassen, med 8 meter!

Om du ønsker følge med på Linea sine resultat, eller andre du kjenner innan norsk friidrett, kan du gjere det her: https://www.minfriidrettsstatistikk.info

Gratulerer, Linnea og Lye Friidrett – Vi gler oss til å følge med vidare!

Kunne du ôg tenke deg å teste friidrett, eller kjenner andre som går med en liten friidrettsdraum? Då bør du jo sjølvsagt bli med i den kjekke friidrettsgjengen vår: